Lør
Skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Flau vind fra Vest 0.5 m/s 
Trykk: 1027.6
Dato: 23.09.2017
12°
Søn
Skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Flau vind fra Sør-søraust 1.1 m/s 
Trykk: 1029.2
Dato: 24.09.2017
12°
Man
Skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Lett bris fra Aust-nordaust 4.2 m/s 
Trykk: 1033.4
Dato: 25.09.2017
14°
Tirs
Skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Lett bris fra Aust-nordaust 4.1 m/s 
Trykk: 1034.7
Dato: 26.09.2017
11°
Ons
Skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Lett bris fra Aust 4.0 m/s 
Trykk: 1035.2
Dato: 27.09.2017
12°
Valle StartSiden Hjem
Vis liste over alle byer
Søk
BilderButikkNyheterSpillVæretWebmailBoligLeieTorgetJobbOm Valle

  
Alle nyheter

Lokal nyheter
Finn Valle
Jobb Valle
Leie Valle
Torget Valle
Valle Kommune

Generelle nyheter
ABC Nyheter
Aftenposten
Dagbladet
Dagen
Framtida
Kommentar
Kommunal Rapport
Morgenbladet
Nationen
Nettavisen
NRK
Ny Tid
P4
Panorama
Siste.no
The Norway Post
TV2 Nyhetene
Ukeavisen Ledelse
Uriks
Utrolige Nyheter
Utrop
VG
Vårt Land

Andre nyheter
Altinn
Arbeidstilsynet
Arkivverket
Avinor
BI Handelshøyskolen
Bibliotekarforbundet
Bike.no
BilNorge
Boarding.no
Bonytt
Båtmagasinet
Cappelen Damm
Filmweb
Fjord Norge
Forbrukerportalen
Foreldre
Forskning
Forsvaret
foto.no
Gatebil.no
Helse
Her og Nå
Høgskolen i Bergen
Jenteporten
Kirken
KK
Klar Tale
Klassekampen
Lovdata
Mat
Montages
Mote
Motor
Musikkweb
NAV
Norsk Tipping
Nysgjerrigper
OBOS
Oslo Jazzfestival
Politiet
Regjeringen
Røde Kors
Seher
Seilas
Skatteetaten
Statistisk sentralbyrå
Statnett
Stortinget
Teknisk Ukeblad
Trafikanten
UIA
UIB
UIO
UIT
ut.no
Utdanningsdirektoratet
Vegvesen
Villmarksliv
Wideroe

Økonomi nyheter
Dagens Næringsliv
E24.no
Finans Norge
Finanstilsynet
Hegnar
iMarkedet
NA24.no
NRK Økonomi
Skagenfondene
Økonomisk Rapport

Sports nyheter
Aftenposten Sport
Dagbladet Sport
FotballMagasinet
NRK Sport
VG Sport

IT nyheter
akam.no
amobil.no
Apple
Dagens IT
Datainform
digi.no
DinSide
gamer.no
Gamereactor
Hardware.no
IDG.no
IT-Kanalen
ITavisen
ITpro.no
mac1
online.no
Techworld.no
tek.no
teknofil.no
Teknologi

Fylkes aviser
Adresseavisen
Agderposten
Firda
Fosna-Folket
Framtid i nord
Fædrelandsvennen
Gjengangeren
Namdalsavisa
Nordlys
NRK Buskerud
NRK Hedmark og Oppland
NRK Hordaland
NRK Møre og Romsdal
NRK Nordland
NRK Rogaland
NRK Sogn og Fjordane
NRK Telemark
NRK Troms og Finnmark
NRK Trøndelag
NRK Vestfold
NRK Østfold
Oppland Arbeiderblad
Rogalands Avis
Smaalenene
Sogn Avis
Strilen
Sunnmørsposten
Sør-Trøndelag
TA
Tidens Krav
Troms Folkeblad
Varden
Vestfold Blad

NyheterForrigeForrigeForrigeNesteNesteNeste


Nominert til dronninga sin skuleprisNRK Sogn og Fjordane
Firda vidaregåande skule på Sandane er nominert til Dronning Sonja sin skulepris for likeverd og inkludering. 15 skular kjempar om prisen som delast ut for tolvte gong i år. Vinnaren blir annonsert 10. oktober og får 250.000 kroner, eit diplom og eit kunstverk laga av dronninga.
2017-09-22 18:33:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skal lage ny opplæringslovNRK Sogn og Fjordane
Eid-rådmann Åslaug Krogsæter (på bilde saman med Eid-ordførar Alfred Bjørlo) har fått ei viktig oppgåve. Ho er ein av sju utvalde som Kongen i statsråd har peika ut til å lage ei ny opplæringslov. Krogsæter har bakgrunn som både rektor, lærar, tillitsvalt og som utdanningsdirektør i Sogn og Fjordane. Kunnskapsminister Henrik Asheim (H) seier tida er inne for ein heilskapleg gjennomgang av opplæringslova som no er 20 år gammal. Ministeren gir utvalet oppdrag om å gjere lova enklare og mindre detaljert, samtidig som den tryggar rettane til elevane. Dei har frist på seg til 1. desember 2019.
2017-09-22 15:54:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hadde med seg eit kort for mykjeNRK Sogn og Fjordane
Ein norsk yrkessjåfør er politimeld etter at han vart stoppa av Vegvesenet i ein kontroll på Kjøs i Nordfjord tidlegare i dag. I tillegg til sitt eige sjåførkort hadde sjåføren også ein annan sjåfør sitt sjåførkort i fartsskrivaren. Kortet til den andre sjåføren er inndrege, og sjåføren som førte vogntoget blir politimeld. ? Han var ikkje informert om regelverket, men det er han plikta til å vere, seier overingeniør Svein Arne Henjesand.
2017-09-22 14:34:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Slik vil dei lokke turistarNRK Sogn og Fjordane
Den eldste kraftstasjonen i Høyanger, også kjent som K1, skal utviklast til å bli ein spektakulær attraksjon. Det er målet til Høyanger kommune, fylkeskommunen og Statkraft. Dei startar no opp eit prosjekt for å ta vare på røyrgata, trallebana og trappene knytte til kraftanlegget. Tanken er at dette kan nyttast som attraksjonar for turistar og bidra positivt til friluftsopplevingar for folk som bur i Høyanger.
2017-09-22 12:57:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Rydda ved GrovNRK Sogn og Fjordane
Rv 5 ved Grov mellom Eikefjord og Florø er rydda etter eit mindre steinras, melder Statens vegvesen.
2017-09-22 10:18:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Må betale etter båtuhellNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 20-åra har fått 5.000 kroner i bot etter at to båtar krasja i Førdefjorden i juni i fjor. Politiet meiner mannen ikkje viste nok aktsemd då han rende rett i den andre båten. Tre personar var involverte i uhellet. To vart sendt til legevakta. Mannen har godteke bota.
2017-09-22 09:59:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Øver med blålysNRK Sogn og Fjordane
Stryn brannvesen øver på utrykkingskøyring fredag og laurdag. Det betyr at det kjem til å vere brannbilar med blålys og sirener på mange av vegane i Stryn og omland.
2017-09-22 08:48:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mindre steinras på riksveg 5NRK Sogn og Fjordane
Mellom Florø og Grov gjekk det eit steinras ved Makrellvågen i morgontimane på fredag. Då entreprenør kom fram til staden var det rydda for steinar.
2017-09-22 06:56:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kan takke Odd i kveldNRK Sogn og Fjordane
Dei som heiar på Sogndal Fotball kan i kveld sende ein stor takk til Etzaz Hussain og Odd. Med minutt att av kampen utlikna dei nemleg mot Tromsø i kveldens eliteseriekamp. Hadde Tromsø vunne og sikra tre poeng hadde dei gått forbi Sogndal i botnen av tabellen, og Sogndal hadde med det lagt seg på direkte nedrykksplass. Men etter Hussain si skåring like før full tid delte Tromsø poenga med Odd, og Sogndal ligg dermed framleis på den utsette kvalikplassen.
2017-09-21 20:41:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Melde for brot på kviletidaNRK Sogn og Fjordane
Statens vegvesen har i løpet av dagen hatt kontroll av tunge køyretøy fire stader i Nordfjord, på Lefdal, Kjøs, Folven og Nordfjordeid. Tre sjåførar er melde til politiet for brot på køyre- og kviletida, medan fem andre slapp unna med åtvaringar for mindre brot på desse reglane. I tillegg måtte tre sjåførar sikre lasta betre før dei fekk køyre vidare, medan fem sjåførar måtte fjerne gjenstandar i frontruta for å ha god nok sikt til å få køyre vidare. Det var også skrive eit gebyr for manglande førarkort, og to overlastgebyr.
2017-09-21 20:18:12  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil ha nynorskkurs for foreldreNRK Sogn og Fjordane
Noregs Mållag håpar nynorskkurs for foreldre blir eit tilbod i fleire kommunar. Som første kommune i landet arrangerer Sveio kommune i Hordaland nynorskkurs for foreldre i grunnskulen. Foreldra lærer om norsk språkhistorie og grammatikk. Noregs Mållag applauderer nynorskkursa, og skal søkje om støtte til at tiltaket kan bli utvida.- Dette er eit nødvendig kurs, seier leiar Magne Aasbrenn i Noregs Mållag. Han trur slike kurs kan føre til at færre elevar skiftar over til bokmål.
2017-09-21 18:07:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gamle Strynefjellsvegen er open NRK Sogn og Fjordane
Onsdag føremiddag måtte fylkesveg 258 Gamle Strynefjellsvegen stenge grunna vanskelege køyreforhold. Vegen er no open for trafikk.
2017-09-21 14:14:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tre på rekrutteringslandslagNRK Sogn og Fjordane
Tre utøvarar frå Sogn og Fjordane er tekne ut på rekrutteringslandslag i friidrett for 2018: Kristi Strømmen Kjerpeset, Florø (biletet) i sprint og hekk, Thomas Mardal, Gloppen i kast - slegge og Lisa Måren Løseth, Høyang i kappgang.
2017-09-21 13:11:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fylkesveg 60 gjennom Utvik er openNRK Sogn og Fjordane
Kl. 12 torsdag opna fylkesveg 60 gjennom Utvik sentrum. No er det slutt på køyring med ledebil. Den sterkt trafikkerte vegen har vore stengd sidan den vart øydelagt av flaum 24. juli. Sidan bruene forsvann med elva har det vore mellombels omkøyring med følgjebil på ein privat gardsveg.
2017-09-21 12:01:23  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tema Solutions er konkurs NRK Sogn og Fjordane
Førde-selskapa Tema Solutions og Tema Holding har meldt oppbod, og er slått konkurs, skriv Firda. Det er Tema Holding som eig Tema Solutions. Tema Solutions har i mange år selt såpe og kjemikaliar. Selskapet har tidlegare vore oppe i 20 tilsette, men hadde ved oppbod tre tilsette.
2017-09-21 11:13:44  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Følg landsstyremøtet i VenstreNRK Sogn og Fjordane
Følg landsstyremøtet i Venstre
2017-09-21 10:18:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skal tevle mot dei besteNRK Sogn og Fjordane
Terrengsyklisten Johannes Lund (22) frå Kaupanger er teken ut til meisterskapen Enduro World Series i Italia, melder porten.no.
2017-09-21 09:37:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sognefjellet opnar kl. 8 NRK Sogn og Fjordane
Fv. 55 over Sognefjellet vert opna for trafikk kl.8. Vanskelege vêrtilhøve gjer at fjellovergangen har vore stengd sidan onsdag føremiddag. Statens vegvesen melder om slapseføre på morgonkvisten og ber bilistar vere skodd etter vêret.
2017-09-21 07:38:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Laga bråk og måtte i arresten NRK Sogn og Fjordane
Ein mann i slutten av 30-åra blei tatt med til arresten i Florø seint onsdag kveld. Mannen var rusa og laga bråk i Florø sentrum. Han er no meld for ordensuro.
2017-09-21 07:19:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ny sjef for FjordkystenNRK Sogn og Fjordane
Jan Hege Oppedal er ny sjef for Fjordkysten, skriv Firdaposten. Selskapet jobbar for å utvikle reiselivsnæringa langs kysten.
2017-09-20 21:52:12  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
Sjå Vestlandsrevyen
2017-09-20 18:36:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sognefjellet stengd til torsdagNRK Sogn og Fjordane
Fv. 55 over Sognefjellet vil vere stengd fram til torsdag. Det blir gjort ny vurdering tordag morgon kl.8. Det er vanskelege vêrtilhøve som gjer at fjellovergangen er stengd.
2017-09-20 17:38:07  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fv.53 opna attNRK Sogn og Fjordane
Vegen mellom Årdalstangen og Fodnes ferjekai var i ettermiddag stengd grunna steinras ved Naddvik. Det var forbipasserande som melde frå om raset.
2017-09-20 16:02:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Evakuerte flyplassenNRK Sogn og Fjordane
Florø lufthamn blei i ettermiddag evakuert etter at vektarar fatta mistanke til at det kunne vere eksplosiver i innsjekka bagasje. Politiet rykte ut, men situasjonen blei raskt avklara og flyplassen kunne opna att.
2017-09-20 14:39:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sognefjellet er stengtNRK Sogn og Fjordane
Statens vegvesen melder no at riksveg 55 over Sognefjellet er stengd på grunn av vanskelege vêrtilhøve.
2017-09-20 11:45:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Enklare å betale på flyplassaneNRK Sogn og Fjordane
I løpet av hausten vert det innført eit nytt system for parkering på flyplassane i Sogn og Fjordane. Automatisk skiltgjenkjenning vil då syte for at dei reisande slepp både å trekke parkeringsbillett og betale manuelt. Dermed vil dei reisande også unngå parkeringsbøter. I alt er det 24 flyplassar som får det nye systemet.
2017-09-20 10:35:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vegen gjennom Utvik opnar i morgonNRK Sogn og Fjordane
Klokka 12 i morgon, torsdag, opnar fylkesveg 60 gjennom Utvik sentrum. Den sterkt trafikkerte vegen har vore stengd sidan den vart øydelagt av flaum 24. juli.
2017-09-20 10:33:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Game Strynefjellsvegen er stengdNRK Sogn og Fjordane
Vegvesenet melder at gamle Strynefjellsvegen er stengd på grunn av vanskelege køyreforhold. Samstundes ber vegvesenet sjåførar som køyrer riksveg 15 over fjellet om å skifte til vinterdekk på grunn av snøfallet i morgontimane.
2017-09-20 10:32:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ordførarane vert vigselmennNRK Sogn og Fjordane
Frå 1. januar får ordførarane i kommunane ei heilt ny oppgåve. Då er det nemleg dei og ikkje tingretten som skal stå for borgarlege vigsler. Sogn Avis skriv at alvoret gjekk opp for ordførar Ivar Kvalen i Luster då eit par ringde og ville avtale dato for vigsle neste år. I Luster har dei planar om å bruke kommunestyresalen eller ordførarkontoret til den høgtidlege seremonien.
2017-09-20 06:39:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil både til Stryn og VoldaNRK Sogn og Fjordane
Ei innbyggjarundersøking utført av fylkesmannen syner at bygdefolket i Markane i Stryn er delte i synet på kva kommune dei vil høyre til. I grendene Aasen, Maurset, Øyane og Øyebakken vil 92 prosent av folket høyre til Stryn kommune. I andre område av krinsen vil 62 prosent bli med i den nye Volda kommune. Fylkesmannen skal sende ei tilråding til kommunaldepartementet i løpet av desember, der dei skal gje eit råd om kva kommune Markane bør vere i.
2017-09-20 05:52:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Må betale etter brot på kviletidNRK Sogn og Fjordane
Dei to bussjåførane frå Spania og Portugal som søndag måtte kvile i 69 timar i Lærdal etter å ha brote reglane for kviletid har no fått straffa si frå politiet. Den eine føraren fekk ei bot på 12 000 kroner, mens den andre må betale 17 000 kroner. Begge to har mista førarretten i Noreg i tre månader.
2017-09-19 23:08:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Frist i ni dagar NRK Sogn og Fjordane
Bustyrar har ni dagar på å finne ei løysing etter at renovasjonsselskapet RenoNorden slo seg konkurs.
2017-09-19 20:50:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
Sjå Vestlandsrevyen
2017-09-19 18:43:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ung mann døydde av skadaneNRK Sogn og Fjordane
19 år gamle Gunstein Strømsnes frå Florø døydde i går av skadane han fekk i ei trafikkulukke i Erdal vest for Førde 30. mai i år, skriv politiet i ei pressemelding. Fem personar blei skadde i front-mot-front kollisjonen.
2017-09-19 14:36:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mista førarretten i tre månaderNRK Sogn og Fjordane
Dei to bussjåførane frå Spania og Portugal som søndag måtte kvile i 69 timar i Lærdal etter å ha brote reglane for kviletid har no fått straffa si frå politiet. Den eine føraren fekk ei bot på 12 000 kroner, mens den andre må betale 17 000 kroner. Begge to har mista førarretten i Noreg i tre månader.
2017-09-19 13:17:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bremanger Venstre vil inn i KinnNRK Sogn og Fjordane
Bremanger må starte samtaler for å bli ein del av Kinn kommune. Det meiner Bremanger Venstre. Gruppeleiar Åge Senneset seier til Firdaposten at han meiner dei folkevalde er i ferd med å valde stor skade for innbyggjarane om dei ikkje startar forhandlingar.
2017-09-19 10:39:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Nøgd med vaksineaukeNRK Sogn og Fjordane
Stadig fleire jenter tek vaksinen mot livmorhalskreft, den såkalla HPV-vaksinen. Sidan i fjor haust har alle jenter i Norge som er fødd i 1991 eller seinare, fått tilbod om å ta vaksinen. Kommuneoverlege i Førde Øystein Furnes seier at det har ført til ei merkbar auke i talet som vaksinerer seg.
2017-09-19 07:20:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

To ambulansebåtar i to år tilNRK Sogn og Fjordane
Det vert ambulansebåt i både Askvoll og Solund i to år til. Det seier Børge Tvedt, som er konstituert administrerande direktør i Helse Førde. Det vekte sinne og frykt då helseføretaket i fjor vedtok at det i framtida berre skulle vere ein ambulansebåt - og at den skulle stasjonerast i Solund. Tvedt seier at arbeidet med å få på plass den nye båten tek tid, og at dei difor vil gå vidare med dagens ordning i to år til.
2017-09-19 07:12:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kvilte ikkje nokNRK Sogn og Fjordane
Under ein tungbilkontroll på Lefdal kontrollstasjon vart ein sjåfør meld for brot på køyre og kviletida. Ein sjåfør måtte sikre lasta før han fekk køyre vidare. Ein sjåføre fekk 500 kroner i gebyr for manglande vognkort, og to sjåførar måtte fjerne tin frå frontruta. Ved Nordfjordeid trafikkstasjon vart ei vogntog stogge med 3200 kg overlast og sjåføren fekk eit gebyr på 7400 kroner.
2017-09-18 17:24:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Klarer ikkje å stogge spelreklameNRK Sogn og Fjordane
Lotteritilsynet i Førde har som eit klart mål å stogge utanlandske spelselskap frå å reklamere på norske fjernsynskanalar, men kjemper i motvind. Det skriv Dagens Næringsliv. Avisa skriv at slik reklame har dobla seg dei siste fire åra. ? Nei, det er ikkje ein håplaus kamp, seier direktør Atle Hamar.
2017-09-18 14:36:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Meiner kvinner ikkje er flinke nokNRK Sogn og Fjordane
Oljebransjen slit med å rekruttere kvinner i leiarroller. I ein fersk rapport svarar halvparten av mennene at årsaka ligg i at kvinnene ikkje er flinke nok.
2017-09-18 08:43:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Miste halvparten av røysteneNRK Sogn og Fjordane
Samanlikna med førre stortingsval miste Sveinung Rotevatn frå Venstre halvparten av røystene i heimkommunen sin, Eid, skriv Firda. Venstre fekk rett nok ein oppslutnad på 15,6 prosent i Eid. Framleis er dette høgt over landsresultatet. Men tala fortel om ein tilbakegang på heile åtte prosentpoeng frå valet i 2013.
2017-09-18 08:09:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Må sove på stovaNRK Sogn og Fjordane
Sjukeheimen på Sande i Gaular er overfylt og bebuarane må sove i stover og har rom utan toalett. Det skriv avisa Firda. Trass i overbelegg har kommunestyret bestemt at det skal kuttast ti sjukeheimsplassar for å spare pengar. Tidlegare ordførar og noverande leiar i rådet for eldre og funksjonshemma i Gaular, Per Kjelstad, omtalar situasjonen som uverdig.
2017-09-18 06:28:39  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bussjåfører pålagt 69 timer hvileNRK Sogn og Fjordane
To bussjåfører fra Spania og Portugal er pålagt 69 timer hvile i Lærdal, etter å ha brutt reglene for hviletid, skriver TV2. Dermed måtte 82 turister vente ved kontrollstasjonen i Lærdal i nesten seks timer før nye busser og sjåfører var på plass.
2017-09-17 23:24:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Førde sine gutar rauk utNRK Sogn og Fjordane
Førde IL sitt G16-lag tapte 0?1 mot Aalesund på Color Line Stadion, og rauk med det ut av NM i fotball for sekstenåringar, etter å ha teke seg til kvartfinalen.
2017-09-17 19:11:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sykkeltjuveri ved FørdehusetNRK Sogn og Fjordane
Ein gut har vorte fråstolen sykkelen sin medan han var inne i symjehallen på Førdehuset søndag. Politiet fortel at dei kjem til å melde saka.
2017-09-17 17:56:07  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Farleg avfall på Lavik-OppedalNRK Sogn og Fjordane
Ferjeavgangen frå Lavik klokka 10:50 i morgon vil få redusert kapasitet grunna transport av farleg avfall, det opplyser Norled. Det blir berre plass til 12 passasjerar på ferja.
2017-09-17 16:06:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mistenkt for promilleNRK Sogn og Fjordane
Politiet har stogga ein bilførar i Stryn som både køyrde utan førarkort og er mistenkt for å køyre med promille. Personen er meld til politiet og har vore til legen for å tappe blod så dei kan undersøke saka vidare.
2017-09-17 11:31:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gode NM-resultatNRK Sogn og Fjordane
Breimsbygda IL vart, med eitt gull og to sølv, nummer to lagmessig under NM 5-kamp vektløfting i Larvik i går. På biletet ser vi Breimsbygda IL sine deltakarar med medaljevinnarane fremst: Frå v. Mathias Dale (sølv), Vilde Sårheim (gull), Robert Andre Moldestad (sølv). Bak frå venstre: Leiv Arne Støyva Sårheim og Bjarne Bergheim. Gode resultat fekk også Tambarskjelvar sitt lag som kom på sjette plass totalt med eit gull til Henrik Reiakvam og eit sølv til Marit Årdalsbakke.
2017-09-17 10:27:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vert henta ned i UtladalenNRK Sogn og Fjordane
To damer med skade i beina får bistand frå Røde Kors for å kome seg ned frå Utladalen i Luster. Det skal ikkje vere nokon stor dramatikk i dette seier politiet.
2017-09-17 09:27:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gode prestasjonar på Oslo MarathonNRK Sogn og Fjordane
Karoline Holsen Kyte frå Førde IL kom i dag på tredje plass på halvmarathondistansen med tida 1:17:17. På herresida kom Eivind Øygard frå Jølster IL på femte plass på same distanse med tida 1:06:35.
2017-09-16 19:23:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Pukk i vegenNRK Sogn og Fjordane
Ein innringar fortel at det har rausa pukk ut frå ein lastebil då han køyrde forbi Esso på Skei i retning Førde. Han meiner dette kan vere trafikkfarleg og at det kan vere lurt å køyre forsiktig for folk som køyrer på denne strekninga.
2017-09-16 18:39:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Forsvarte sigeren i Balestrand OppNRK Sogn og Fjordane
Øyvind Heiberg Sundby frå Leikanger vann motbakkeløpet for andre året på rad med tida 42,03. Joel Dyrhovden følgde på plassen bak. Samnanger-løparen kom i mål 1,42 minutt etter Sundby. Joar Grov Turvoll frå Vik kom på tredjeplass.
2017-09-16 14:54:32  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Håpar på å starte mot HaugesundNRK Sogn og Fjordane
Even Hovland seier til Sogn Avis i dag at han er klar, og at han håpar han får sjansen til å starte i heimekampen mot Haugesund i morgon. ? Eg har trent godt her i Sogndal, no må eg berre få spelt kampar, seier veimingen til avisa. Hovland vart signert som sogndalspelar tidlegare denne veka.
2017-09-16 08:48:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har mista fire kyr i sommarNRK Sogn og Fjordane
Ein bonde som driv langs riksveg 5 i Sogndalsdalen har mista 4 kyr i sommar, i samband med bilpåkøyrslar. Det skriv Firda i dag. ? Mange sjåførar tek ikkje omsyn i det heile teke, seier bonde Jan Hope til avisa.
2017-09-16 08:28:24  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Valdeleg mann i drukkenskapsarrestNRK Sogn og Fjordane
I Stryn har ein mann i 20-åra slått ned ein annan mann i 20-åra. Gjerningsmannen er sett i drukkenskapsarrest. Det melder politiet.
2017-09-15 21:49:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Uavgjort for Valsvik NRK Sogn og Fjordane
Gustav Valsvik spelte frå start i 2. bundesligakampen mellom Union Berling og Eintracht Braunschweig som vart spelt på Stadion An der Alten Försterei no i kveld. Valsvik fekk gult kort på tampen av ein kamp som enda 1?1.
2017-09-15 20:55:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Rykte ut til brann ved ungdomsskuleNRK Sogn og Fjordane
Alle naudetatar rykte ut etter melding om ein brann ved Førde ungdomsskule klokka 20.00 i kveld. Brannen vart oppdaga av folk som jobba i nærleiken. Det viste seg å brenne i to skur som stod inntil veggen ved skulen. ? Brannen er no slekt og ingen skal vere skadde, seier Oddbjørn Aune ved Alarmsentralen i Førde.
2017-09-15 20:19:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Avhandling og disputas godkjentNRK Sogn og Fjordane
Reidar Hjetland (61) forsvarte i dag si avhandling om flåttoverførte infeksjonar i Sogn og Fjordane, og det på doktoranden sin eigen 61-årsdag. Avhandlinga og disputasen er godkjent, og Reidar Hjetland kan konstatere at eit mangeårig arbeid no er brakt vel i hamn.
2017-09-15 17:40:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mistenkt mopedist i FørdeNRK Sogn og Fjordane
Mistenkt mopedist i Førde
2017-09-15 16:27:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kontrollerte mangeNRK Sogn og Fjordane
UP kontrollerte i føremiddag 123 bilar i Sogndal sentrum. Det blei skrive ut eit forenkla forelegg for mobilbruk og to gebyr til bilistar som ikkje hadde med førarkortet.
2017-09-15 12:38:30  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hovudtillitsvald blir personalsjefNRK Sogn og Fjordane
Eirik Rostad Ness er tilsett som ny HR-direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane. Rostad Ness går frå vervet som hovudtillitsvald i banken inn i konsernleiinga. ? Eg trur erfaringa mi som hovudtillitsvald kjem til å bli ein viktig ressurs i dei omstillingsprosessane som er i gang og som kjem framover. Sjølvsagt vil det bli utfordrande, og eg veit mykje om kva dei tilsette tenkjer om det som skjer no, seier Rostad Ness.
2017-09-15 09:27:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Steinar i vegbana i tunnelNRK Sogn og Fjordane
Gudvangatunnelen på E16 har vore stengd i vel ein time på grunn av steinar i vegbana. Entreprenøren har no fjerna steinane, og tunnelen er no opna att.
2017-09-15 09:03:32  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sperra veg ? har godteke botNRK Sogn og Fjordane
Bussjåføren som i september i fjor sperra fylkesveg 302 mellom Øvre Årdal og Turtagrø, har godteke ei bot på 8.000 kroner. Mannen oversåg skiltet om makslengde på 10 meter for køyretøy. Bussen var fire meter lenger og sette seg fast i ein skarp sving. Vegen var stengd i fleire timar etter hendinga.
2017-09-15 08:49:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

- Belastninga på Morten vart størreNRK Sogn og Fjordane
Då skiskyttarforbundet måtte spare pengar fjerna dei Morten Aa Djupvik sin assistent Arne Idland. Idland trur nedbemanninga bidrog til at sjefen no takkar for seg. I går vart det kjent at glopparen Aa Djupvik trekkjer seg som skiskyttarsjef. Han blir no HR-ansvarleg i fotballklubben Start.
2017-09-15 08:37:23  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skadedyr spreier seg i SunnfjordNRK Sogn og Fjordane
Skadedyret Skjeggkre spreier om seg i Sunnfjord, skriv Firda i dag. Skadedyrbekjempar Frank Lien seier til avisa at dyret ser ut til å ha fått eit sterkt fotfeste særleg i Førde. Avisa skriv vidare at dyret ikkje er farleg for menneske, men at ein kan oppleve det som ganske ekkelt.
2017-09-15 05:53:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mistanke om promillekøyringNRK Sogn og Fjordane
Seint torsdag kveld vart ein personbil stogga på Flatraket i Selje. Sjåføren blåste raudt og er mistenkt for promillekøyring. Han vart teken med til lege for blodprøvetaking.
2017-09-15 05:12:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Overlast og manglande brombrikkeNRK Sogn og Fjordane
Ved ein kontroll Statens vegvesen hadde i dag på riksveg 15 ved Kjøs fekk ein førar eit gebyr på 6050 kroner for overlast. To fekk gebyr på 8000 kroner for manglande bombrikke, og to fekk bruksforbod for sikthindring. Ein førar fekk skriftleg åtvaring for for lang dagleg køyretid.
2017-09-14 22:08:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bil enda på taketNRK Sogn og Fjordane
Ein bil har køyrt av vegen og enda på taket på fylkesveg 13 ved Rørvikfjellet. Ein person reiste til legevakta for kontroll, opplyser politiet. Vegen er open, og bergingsbil er på veg.
2017-09-14 21:58:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brannutrykking i FlorøNRK Sogn og Fjordane
Brannvesenet rykte i kveld ut til melding om brann i Florø sentrum. Det synte seg å vere røykutvikling i samband med matlaging. Ingen personar kom til skade, opplyser politiet.
2017-09-14 21:23:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

120 i 80-sona i FlåmNRK Sogn og Fjordane
Ein bilførar vart fråteken førarkortet og er meld til politiet etter at han i dag passerte ein fartskontroll i 120 kilometer i timen i 80-sona på E16 i Flåm. 10 andre bilførarar fekk forenkla førelegg for mindre fartsoverskridingar. Ein av bilførarane som vart stansa vart meld for brot på tollova fordi han hadde med seg for mykje øl.
2017-09-14 19:53:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Utgifter knytt til størjefangstNRK Sogn og Fjordane
Skipper Atle Nekkøy er sånn passe fornøgd med pengevinsten etter at han har selt all makrellstørja dei har fanga med MS «Bluefin» i sommar. Makrellstørje er rekna som verdas dyraste fisk, og er særleg ettertrakta på sushirestaurantar i Japan. Det er likevel mykje utgifter knytt til slik fangst, og Nekkøy seier at mykje av fortenesta har gått med til det. Han reknar med å sitte att med 3?4 millionar kroner.
2017-09-14 15:05:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fengsla i fire nye vekerNRK Sogn og Fjordane
Kvinna som er sikta for drapsforsøk i Flora blir fengsla i fire nye veker. Det var i midten av august at kvinna kvinna stakk ein eldre mann med kniv. Kvinna vart pågripen i ein væpna politiaksjon. Sogn og Fjordane tingrett gir politiet løyve til å halde kvinna i varetekt til 11. oktober.
2017-09-14 09:45:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Seks påkøyrde hjortarNRK Sogn og Fjordane
Hausten nærmar seg med store steg, noko som betyr stor fare for å møte hjorten langs vegen. Sidan onsdag kveld er hjortar påkøyrde i Askvoll, på Bjørlo i Eid, på Klakegg i Jølster, ved Davikneset i Bremanger, ved Meland bru i Stryn og på Ljøsne i Lærdal.
2017-09-14 07:55:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Rotevatn kan verte statsrådNRK Sogn og Fjordane
Sveinung Rotevatn frå Nordfjordeid er høgaktuell som statsråd i ei ny borgarleg regjering. Det seier fleire sentrale kjelder i Venstre til VG i dag. Rotevatn vart ikkje attvald som stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane. Men no kan han altså få plass i regjeringa om Venstre bestemmer seg for å slå følgje med Erna Solberg.Sjølv seier Rotevatn til avisa at han synest det er hyggjeleg å verte omtalt som statsråd-kandidat.
2017-09-14 07:08:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stal frå pasientNRK Sogn og Fjordane
Ein sjukepleiar er dømd for å ha stole pengar frå pasientar i omsorgstenesta i ein sunnfjordkommune, skriv Firdaposten. Ved fleire høve stal sjukepleiaren pengar frå ei mappe. Til saman forsvann 8000 kroner. Vedkomande tilstod og forklarte tjuveriet med økonomiske problem. No har tingretten dømd personen til fengsel på vilkår i 14 dagar og ei bot på 5000 kroner.
2017-09-14 05:48:39  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skal spele mot FrankrikeNRK Sogn og Fjordane
Hege Bakken Wahlquist frå Årdal er teken ut på det norske rekruttlandslaget i handball til to kampar mot Frankrike. Kampane skal spelast i Sarpsbort 29. og 30. september.
2017-09-13 22:53:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ruskøyring i FjalerNRK Sogn og Fjordane
I Fjaler vart ein mann i midten av 30-åra teken for køyring i rusa tilstand i ettermiddag. Han vart teken med til blodprøve og sett i arrest.
2017-09-13 21:29:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Scora tre i uavgjortkampNRK Sogn og Fjordane
Årdølen Hege Bakken Wahlquist sette inn tre mål då laget hennar, Silkeborg-Voel, i kveld spelte uavgjort 25-25 mot Viborg i den danske eliteserien i handball. Viborg leia med fem mål fem minutt før full tid, men ein sluttspurt frå heimelaget enda med at bergensaren Stine Skogrand sette inn utlikninga i sluttsekundet. Hege Bakken Wahlquist har scora 11 mål på dei tre seriekampane ho har spelt.
2017-09-13 21:25:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stryn-tap i handballNRK Sogn og Fjordane
I ein kamp i 2. divisjon i handball for menn i Strynehallen i kveld vann Bergsøy 28-25 over Stryn. Stillinga ved pause var 12-12. Toppscorar for Stryn var Leon Pavlovic med ni mål.
2017-09-13 21:08:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Promillemistanke i EidNRK Sogn og Fjordane
I Eid vart ein mann i 60-åra stansa i kontroll i ettermiddag, og politiet fikk utslag på promilletesten. Bilføraren vart teken med til blodprøve, og førerkortet vart kverrsett.
2017-09-13 21:06:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mobilgebyr i SogndalNRK Sogn og Fjordane
Ved ein UP-kontroll på riksveg 5 i Sogndal i dag fekk tre bilførarar gebyr for ulovleg mobilbruk. To fekk gebyr for manglende bilbelte, og ein bilførar fekk eit førelegg for ikkje å ha sikra barn under 15 år.
2017-09-13 19:55:12  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stansa ikkje for kontrollNRK Sogn og Fjordane
Ein polsk vogntogsjåfør vart meld til politiet då han ikkje stansa for kontroll på Håbakken i Lærdal i dag. Ein spesialtransport var overlasta og måtte sette av ein del av lasta si. Eit vogntog hadde overlast på 1600 kilo på framakselen, og eit anna vogntog fekk bruksforbod på grunn av dårlege bremser. Denne gongen var det ikkje brot på reglane for køyre- og kviletid, opplyser Statens vegvesen.
2017-09-13 17:53:12  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trafikkulukke i NordfjordNRK Sogn og Fjordane
Ein personbil har vore involvert i ei trafikkulukke på riksveg 15 ved Stårheim i Eid kommune. Politiet opplyser at bilen har velta i 70-sona og at det var ein person i bilen. Politiet har kverrsett førarkortet til føraren. AMK melder at føraren, ein mann i 70-åra, har fått tilsyn av lege og blitt dimittert.
2017-09-13 15:41:04  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Selje overtek brannberedskapNRK Sogn og Fjordane
Selje brann og redning overtar beredskapen for tunnelen forbi Kleiva på fylkesveg 633 Årvik-Honningsvåg. Det skriv Fjordabladet. Det har tidlegare vore Statens vegvesen som har hatt ansvaret beredskapen.
2017-09-13 13:44:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Øver på utrykkingNRK Sogn og Fjordane
Politiet øver i dag på utrykkingsskøyring fleire stader i fylket. Dette føregår i førdeområdet og på strekkja Borlaug - Lærdal - Aurland - Voss.
2017-09-13 12:50:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Spesielt kulturlandskap i LærdalNRK Sogn og Fjordane
Landbruksdirektoratet ser på Lærdal som eitt av dei mest verdifulle kulturlandskapsområda i landet. Midtre Lærdal er eit av 21 område som er aktuelle for å bli tekne med i den nasjonale ordninga Utvalde kulturlandskap i jordbruket, opplyser fylkesmannen i ei pressemelding. Det vert no arbeidd med ein søknad om å få bli med i ordninga som skal sikre at landskapet vert halde i hevd.
2017-09-13 11:50:12  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Straumsal gir nye arbeidsplassar NRK Sogn og Fjordane
Etter at kraftselskapet Lærdal Energi etablerte underselskapet Akraft, har dei hatt ein vekst på tolv tilsette, det skriv Sogn Avis i dag. Akraft er eit lågprisselskap som sel straum til privatkundar over heile landet. Etter nyskipinga har Lærdal Energi auka omsetnaden sin frå kring 70 millionar i 2013, til 166 millionar i dag, skriv avisa.
2017-09-13 10:36:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Får reint vatn etter 40 årNRK Sogn og Fjordane
Denne veke fekk opp mot 250 innbyggjarar i bygdene Blaksæter og Ulvedal i Stryn reint vatn i springen etter 40 år med grumsete vatn frå ei lokal vasskjelde. Denne veka vart dei kopla till det kommunale vassverket i Stryn. ? Det er det verd å feire, seier Gunnhild Bergset som omsider kan drikke vatn frå springen og vaske bunaden heime.
2017-09-13 09:45:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Får byggje ny turisthytteNRK Sogn og Fjordane
Villreinnemnda for Reinheimen og Breheimen seier ja til at DNT Oslo og omegn får byggje ei ny hytte på Nørstedalsseter i Luster. Hytta skal ha seks sengeplassar og skal vere losji for sesongtilsette og vere sjølvbetjent turisthytte utanom opningstidene til den betjente hytta.
2017-09-13 09:41:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fann nye ulovlege lagringsplassarNRK Sogn og Fjordane
Jølster kommune har funne to ulovlege lagringsplassar for boss, det skriv Firda i dag. Kommunen skal mellom anna ha funne ein buss, ei campingvogn og to båtar. Grunneigarane der dei to lagringsplassane ligg, kan i følgje avisa vente seg ei bot på 15.000 kroner kvar.
2017-09-13 07:07:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Rykte ut etter gassutløysingNRK Sogn og Fjordane
Eit redningshelikopter vart i 22.30-tida i kveld sendt i lufta etter observasjon av eit mogleg naudbluss vest av Ytterøyane fyr. Dette viste seg å vere Gjøa-plattformen som hadde løyst ut gass lenger enn normalt.
2017-09-12 22:47:30  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vaktmeister sløkte brannNRK Sogn og Fjordane
Brann og polit rykka like før klokka 20 ut til samfunnshuset i Florø etter melding om røykutvikling. Politiet opplyser på Twitter at det truleg er elektrisk årsak røykutviklinga. Ingen personar kom til skade. Vaktmeister på staden sløkte branntilløpet.
2017-09-12 21:46:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sendte Glimt i leiingaNRK Sogn og Fjordane
Kristian Fardal Opseth scora sitt 19. mål i 1. divisjon då serieleiar Bodø/Glimt i kveld spelte 2-2 borte mot tabelltoar Start. Vertane leia 1-0, men ti minuttar før slutt sendte Opseth Bodø/Glimt i leiinga. Kort tid etter utlikna Start. Sogndølen leiar kampen om toppscorartittelen med fem mål føre Endre Kupen (Florø).
2017-09-12 20:52:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vestlandsrevyen tysdagNRK Sogn og Fjordane
Finteljing etter stortingsvalet har pågått heile tysdagen, og så kom ei overrasking. Me oppsummerer valet på Vestlandet. Programleiar Jan Børge Leirvik.
2017-09-12 20:16:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Askvoll må ha ny ordførarNRK Sogn og Fjordane
Når Frida Melvær no blir stortingsrepresentant må det veljast ny ordførar i Askvoll. Det er Gunnar Osland frå Venstre som er varaordførar, men det er ikkje slik at han automatisk rykker opp som ordførar. ? Vi har så smått starta prosessen og skal ha møte i partia. Det er kommunestyret som til slutt skal velje ny ordførar mellom dei som sit i formannskapet, seier Osland.
2017-09-12 18:07:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fjordkysten friluftsråd i svingNRK Sogn og Fjordane
Fjordkysten friluftsråd, som dekker kommunane Flora, Askvoll og Solund, er no i gang med arbeidet sitt. Rådet skal forsvare allemannsretten, sikre friluftsområde, legge til rette stiar, bygge toalett, parkeringsplassar og brygger. Kontorstaden er Solund, og Bjarte Engevik (biletet) er tilsett som dagleg leiar.
2017-09-12 17:25:32  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

To vogntog var for tungeNRK Sogn og Fjordane
Under ein kontroll på Nordfjordeid i dag fekk føraren av eitt vogntog gebyr på 5.600 kroner for 1.800 kilo overlass. Ein annan hadde 1.300 kilo overlass og må ut med 3.350 kroner. Ein annan fekk påpeikning for manglar.
2017-09-12 15:59:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tekne i fartskontrollarNRK Sogn og Fjordane
UP kneip 11 fartssyndarar i ein kontroll på E16 ved Seltun i Lærdal i dag. Høgste fart var 101 kilometer i timen. På fylkesveg 55 på Kyrkjebø i Høyanger hadde lokalt politi fartskontroll. Der var det ein som måtte betale førelegg for å ha køyrt i 73 kilometer i timen i 60-sona.
2017-09-12 15:50:58  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Millionar til breibandNRK Sogn og Fjordane
Sogn og Fjordane får ei ny storsatsing på breiband. Det kjem 24 millionar kroner frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet, og når leverandørar, fylkeskommunen og kommunane yter sitt, blir det til saman 60 millionar kroner til å byggje ut breiband. Dette gir minst 1900 husstandar breiband med god kapasitet.
2017-09-12 15:49:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Valle StartSiden - Nyheter fra NRK Sogn og Fjordane







Denne tjenesten er levert av ActiveSystems.